Utstillingsåpning: Åse Ljones
Velkomen til opning av utstillinga fredag 27. februar kl. 18–20.
Utstillinga vert vist til og med søndag 8. mars.
Opningstider:
Alle dagar kl. 12–16, torsdag kl. 12–18.
LJOSBROT
Kunstnaren skriv:
Med naturen, landskapet og levd liv i botnen, utviklar eg kunstverka mine.
I utstillinga, Ljosbrot, undersøkjer eg opplevinga av fargane og skiftingar i fargane i forhold til ljoset.
Verka endrar karakter med ljoset utifrå kva retning tilskodaren ser det fra. Då kjem og skinet og fargane til sin rett.
Arbeida mine er svært ljoskrevjande, og skiftar form og innhald etter det skiftande ljoset.
Eg er heile tida på leit etter skinet, ljoset, rørsla og ei uroa i stilla.
Som fargeblind tekstilkunstnar er eg vel på leit etter noko eg ikkje heilt veit svaret på, og resultatet av. Eg jobbar utifrå intuisjonen, og kva som kjennest rett (av og til med god hjelp fra nærmaste kollega).
Ein farge kan opplevast som mange fargar. Kva er rett farge og kva er feil? Kva er stygt og kva er fint? Eller handler det mest om å lika eller ikkje lika?
Teknikken er handbroderi på lin , der det ferdige broderiet vert spent opp på rame. Det er fyrst når broderiet er spent opp, at eg kan sjå verknaden av ljosbrytningane.
Broderi er ein sakte teknikk, eg kan ikkje skunda meg, og tida vert ein medspelar.
Eg er ein seriell kunstnar, og utviklar små endringar fra verk til verk.
