Oddny
Bergen Live presenterer ODDNY
Dei er større enn nokon gong. Etter å ha seld ut Kulturhuset fleire veker på førehand, tek bandet no
steget opp til Røkeriet på USF Verftet.
Publikum har vakse i takt med musikken, og med låtar som «Oktober, Bergen by», «Bittelitt» og «Alma»
har Oddny for lengst plassert seg som eit vestnorsk unikum i norsk musikkliv og som eit av dei mest
spennande nye banda i landet.
Gjennombrotet vart stadfesta då dei vann Luttprisen 2024 som årets nykommar. I 2025 følgde nye
heidersbevisningar, med både Norsk Viseforum sitt Artiststipend og Frank Hammersland minnefond.
No, i 2026, er dei nominerte i heile fire kategoriar i GAFFAprisen – i tillegg til årets artist under
Luttprisen. Det seier sitt: Oddny treffer folk rett i bringa.
Med ein heilt eigen signatur blandar bandet alternativ poprock med tekstar på dialekt fulle av nerve,
varme og nærleik. På scena har dei vakse fram som eit liveband av dei sjeldne - tett samspelte og med
ei formidlingsevne som grip publikum.
2025 vart eit triumftog gjennom Noreg og Sverige, med utselde konsertar frå nord til sør, by:Larm-nominasjon som «Årets stjerneskudd» og ein seksar i GAFFA, som omtalte konserten som «ein grandios
konsertopplevelse». Sidan har pila berre peika éin veg.
Frå hovudbasen sin i «Gamlahuset»i Bremanger – der dei bur, skriv og spelar inn musikk som eit kreativt kollektiv,kjem bandet no tilbake til Bergen i toppform. Skjerpa, inspirerte og med nye låtar i bagasjen som går rett heim utan å banka på.
Velkommen til haustens store konsertoppleving på USF Verftet!
INFO:
– Aldersgrense 18 år. Gå til arrangørens nettside for vergeskjema: https://www.bergenlive.no/konsertkalender/oddny-3
– Dørene åpner kl. 19 / konsertstart kl. 20.
– Bruk av strobelys og glykol/mineraloljebasert scenerøyk under arrangementet kan forekomme.
– Det er ikke tillatt å ta med gjenstander som sekker, bagger, store vesker, paraplyer, flasker/bokser o.l. inn i konsertsalen. Slike ting kan heller ikke leveres i garderobe for oppbevaring.
– Vær obs på at vi har begrenset kapasitet i garderoben vinterstid ved store publikumstall.
– Kun ståplasser
– Billetter refunderes kun ved avlyst arrangement.
– Egen billettpris for ledsagerbevis
