Konsert

Steve Lehman & Sélébéyone

Senegalesisk rap, moderne jazz og undergrunnshiphop er det en har i vente denne kvelden

Du treng ikkje vita noko om elektroakustisk spektralkomposisjon for å oppleva Steve Lehman, men du vil definitivt høyra at det er vilt, vakkert, presist – og annleis. Med bakgrunn frå studier av klassisk musikk og eit hjarte for kreativ framtidsjazz med bruk av elektronikk, er han rekna som ein pioner i jazzen og har mottatt ei drøss med priser for dei siste platene sine. Forutan eigne prosjekt har han samarbeida tett med så ulike artistar som Anthony Braxton og Meshell Ndegeocello. Sidan 2015 har samarbeidet med Sélébéyone skapt ei fantastisk blanding av senegalesisk rap, moderne jazz og undergrunnshiphop. Debutplata havna på «Top 10 CDs of 2016» av NPR Music.

HPRIZM røyst (engelsk) / GASTON BANDIMIC røyst (wolof) / STEVE LEHMAN altsaksofon, komponist / MACIEK LASSERRE altsaksofon / CARLOS HOMS tangentar / DREW GRESS bass / DAMION REID trommer


Error loading MacroEngine script (file: EventsFooter.cshtml)